
ARNA SENIORUNIVERSITET
Ein møteplass for tanke og trivnad
Velkomen til Arna senioruniversitet
Arna senioruniversitet er eit variert og spennande tilbod for engasjerte seniorar.
Mottoet vårt er: «Ein møteplass for tanke og trivnad». Gjennom foredrag, kurs, gruppeverksemd og utflukter, skal medlemmene få høve til å setje seg inn i eit breitt utval av fag og emne.
Foredraga våre blir haldne i Ljoshall i Ekravegen 43, som regel den fyrste tysdagen i månaden, frå kl. 11.00 til 13.00.
Medlemsavgift i Arna senioruniversitet er 350,- kroner pr. halvår. Dette inkluderer foredrag og enkel servering. Foredraga er opne for alle. For ikkje-medlemmer kostar kvart foredrag 150,- kroner.
VIPPS: #618937 - Kontonummer: 3624.28.73739