
ARNA SENIORUNIVERSITET
PROGRAM VÅREN 2025

Tysdag 7. januar
Kryms historie
Ingunn Lunde har vore professor ved Universitet i Tromsø og er no professor i russisk språk og litteratur ved Universitet i Bergen. Russland har brote internasjonal lov og annektert den ukrainske halvøya Krym to gonger, sist i 2014. Frå antikken og framover har det budd ei lang rekke folkeslag der, krymtatarane har budd der lengst og blir rekna som Kryms urfolk. Kryms historie gjev oss ei djupare forståing av ukrainsk og russisk historie og av forholda mellom dei to landa.

Tysdag 4. februar
Søvn og søvnvanskar
Bjørn Bjorvatn er leiar av Nasjonalt senter for søvnmedisin (www.sovno.no) ved Haukeland Universitetssjukehus og lege/søvnspesialist ved Bergen søvnsenter. Han er professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen, og har ein doktorgrad innanfor søvnforskning.
Bjorvatn har i mange år forska på søvn og søvnlidingar, og har publisert over 300 vitenskaplege artikler. Han har også forfatta fleire bøker.

Tysdag 4. mars
25 år i humanitetens teneste
Ole Johan Hauge er utdanna lærar, men dei fleste arbeidsplassane hans har vore utanfor Norges grenser. Han har vore velferdssekretær for handelsflåten i USA, og arbeidd for velferd i Iran og Nord Korea, og hatt oppgåver for Røde Kors i Bosnia, Serbia og Sri Lanka. I 2005 hadde han hovedansvaret for arbeidet etter tsunamien i Indonesia. Dei siste åra har han engasjert seg dagleg i Espeland fangeleir og venneforeninga der.

Tysdag 1. april
Det er ingen skam å snu
Dagrun Waag Linchausen er 71 år og freelance pensjonist. Utdanna siviløkonom frå NHH, og etter 25 år i næringslivet utdanna ho seg til lege ved Universitetet i Bergen og byrja i helsevesenet. Ho er spesialist i allmennmedisin, og var sjef for Bergen legevakt under pandemien. Ho er fortsatt aktiv som lege med vakter på Bergen legevakt og er styremedlem i helseverksemder og frivillig arbeid. Ho held foredrag og kåseri om snuoperasjonar i livet, med hovudvekt på sin eigen snuoperasjon.

Onsdag 7. mai
Ei kunstmusikalsk reise
Frode Skag Storheim (f. 1988) har ein særskilt lidenskap for norsk kunst, musikk og åndsliv på 1800-tallet. Han vil ta publikum med på ei spanande og svært variert forelesning om nasjonalromantikk og nasjonsbygging, som munnar ut i smakebitar frå hans biografiske arbeid med malaren Hans Dahl. Frode er frilans pianist, foredragshaldar, programskribent for Harmonien, biograf og lektor ved musikklinja på Voss gymnas.

Tysdag 3. juni
Tur til Eidfjord og Vøringsfossen
Informasjon om turen kjem seinare.
PROGRAM HAUSTEN 2024

Tysdag 20. august
Bangladesh: erfaringar frå teneste og levd liv
Ottar Hope kjem frå Espeland i Arna. Han er utdanna lege frå Universitetet i Bergen 1974 og har vore overlege ved Haraldsplass Diakonale sjukehus i 25 år. No er han pensjonist. Han har tenestegjort i Bangladesh for Santalmisjonen i ca. 9 år. Me vil få høyra om Bangladesh, eit land med store utfordringar og mange moglegheiter. Han vil dela sine erfaringar frå teneste og levd liv i dette landet.

Tysdag 10. september
Humor og helse – forlenger ein god latter livet?
Sven Svebak har vore professor ved Universitet i Bergen og ved medisinsk fakultet i Trondheim. Han har gitt ut bøker og er mykje brukt som kurs- og foredragshaldar. Han har forska bl.a. på helse og humor og korleis det kan verne immunsystemet vårt. I foredraget vil han ta opp kva sans for humor er, snakke om gamal overtru og forskning gjennom dei siste 50 åra. Han vil og ha fokus på om sans for humor kan påverke helsa, både plager og levealder.

Tysdag 1. oktober
USA – før presidentvalet
Lars Svåsand er professor emeritus ved Institutt for Samanliknande Politikk ved Universitetet i Bergen. Han deltek no i eit internasjonalt samarbeidsprosjekt om korleis politiske parti har vorte dominert av enkeltpersonar, deriblant det republikanske partiet i USA. I forelesninga vil det komande presidentvalget bli sett i lys av USA sin spesielle politiske struktur og eigenarta politiske kultur.

Tysdag 5. november
Kystkvinnene på Vestlandet
Ågot Gammersvik er etnolog med lang fartstid i musea. Ho har vore direktør på Hardanger folkemuseum, Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo og Maihaugen på Lillehammer. Ho har og vore utstillingsansvarleg på Forsvarsmuseet i Oslo, og arbeider no ved Bergen Forsvarsmuseum. Foredraget er basert på intervju med kvinner i Øygarden og Sotra på 1970-talet, og gjev ei historisk skildring av det omfattande arbeidslivet til kvinnene langs kysten.

Tysdag 3. desember
Naturen i Arna, natur i verdsklasse
Anders Lundberg er pensjonert professor i geografi frå Universitetet i Bergen. Han har skrive fleire bøker, bl.a. om naturen i Bergen, og sjølvsagt har naturen i Arna ein sentral plass i boka. Arna og Gullfjellet er eit flott turområde. Her er det ein spennande fjellfauna og eit rikt fugleliv. Me blir tatt med til Reppadalen og Kråmyrane, og får innblikk i Arna og Bergen si klimahistorie frå slutten av istida til i dag. Me skal innom naturtypar i Arna som er unike i verda, til dømes til dei mektige elvegjela omkring Trengereid. Foredraget vil bli rikt illustrert med utvalde og unike bilete frå dei spesielle naturtypane.