ARNA SENIORUNIVERSITET

Ein møteplass for tanke og trivnad

Velkomen til Arna senioruniversitet

Arna senioruniversitet er eit variert og spennande tilbod for engasjerte seniorar.

Mottoet vårt er: «Ein møteplass for tanke og trivnad». Gjennom foredrag, kurs, gruppeverksemd og utflukter, skal medlemmene få høve til å setje seg inn i eit breitt utval av fag og emne.

Foredraga våre blir haldne i Ljoshall i Ekravegen 43, som regel den fyrste tysdagen i månaden, frå kl. 11.00 til 13.00. 

Medlemsavgift i Arna senioruniversitet er 350,- kroner pr. halvår. Dette inkluderer foredrag og enkel servering. Foredraga er opne for alle. For ikkje-medlemmer kostar kvart foredrag 150,- kroner.


VIPPS: #618937 - Kontonummer: 3624.28.73739

Ljoshall

Ekravegen 43

5261 Indre Arna